1 Forord
Dei siste åra har eg hatt gleda av å forska på aldring og eldreomsorg. Eg har, i lag med kollegar på Nordlandsforskning, Høgskulen på Vestlandet og UiT, teke del i to forskingsprosjekt i samarbeid med Steigen kommune og Tana/Deatnu kommune. I desse prosjekta har me intervjua folk som sjølv er blitt gamle og treng omsorgstenester, og me har snakka med pårørande, frivillige, tilsette og leiarar i helse- og omsorgssektoren.
Kommunane har dessutan gjennomført kvart sitt prosjekt for å styrka eldreomsorga, og me i forskargruppa har fått følgja desse prosessane. I Tana har prosjektleiar Mariann Johansen Lindi og teamet hennar oppretta møtestadar i bygdene – bygdekafear – for å leggja rette for aktivitet og fellesskap blant eldre som bur heime. I Steigen har Ann Rita Vestvatn og hennar team arbeidd for at omsorgstenesta i kommunen systematisk skal leggja til rette for aktivitet og fellesskap i sitt daglege arbeid på sjukeheimar, omsorgsbustader og i heimetenesta.
Dette er ei samling av tekstar som spring ut frå forskingsarbeidet eg har teke del i. Det er faglege tekstar kor eg ved hjelp av sitat frå datamaterialet, eigne minner og personlege historier prøver å visa fram noko av det som er felles menneskeleg og det som rører ved oss. Tidlegare versjonar av tekstane har vore publisert som bloggar, kronikkar og føredrag. Dette er frittståande tekstar som eg har redigert for å gjera samlinga meir heilskapleg. Dei kan lesast éin og éin og i den rekkefølgja du sjølv vil.
Omgrepet «sosial omsorg» er ein raud tråd i tekstsamlinga. Sosial omsorg er å leggja til rette for meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar. Med omgrepet sosial omsorg erkjenner me at mange av oss vil ha behov for hjelp og støtte frå andre for å ha tilgang til aktivitet og fellesskap når me blir gamle. Det kjem ei tid der me ikkje vil vera i stand til å koma oss ut, delta i sosiale fellesskap eller gjera ting som har vore viktig for oss opp gjennom livet, utan å få hjelp frå andre.
Den aldrande aktivisten og forskaren Lynn Segal har skrive klokt om prosessen med å eldast: «Å erkjenna alderdommen betyr å forstå at me ikkje kjem til å bli verande dei autonome, uavhengige og framtidsorienterte individa me likar å tru at me er, og som vår vestlege kultur insisterer på at me bør vera. Me må leita etter måtar å handtera tap og død på – aller helst i fellesskap med andre».
Kva skal til for å leva gode liv i ein aldrande kropp? Kva betyr det å bli gamal? Kva historier er det me fortel om aldring? Kvifor er det så vanskeleg å vedkjenna seg og vera i vår eigen alder? Dette er nokre av dei spørsmåla eg utforskar i denne tekstsamlinga.