11 Å trøysta ho som skrik
I artikkelen «Dementia and the Limits to Life» las eg om ei eldre kvinne som levde med demens og budde på sjukeheim. Ho skreik heile tida, heile døgnet. Ho skreik og skreik slik at det vart ei stor belastning for dei andre som budde og jobba der. Kvifor skreik ho, og kva kunne dei gjera? undra dei tilsette. Fanst det medisinar som kunne hjelpa? Legen ville ikkje gje ho meir medisin, det var for mykje allereie. Ho fekk henvisning til psykiater, men det var lang kø og ho vart ikkje prioritert. Kva skulle dei tilsette gjera? Situasjonen var heilt uuthaldeleg.
Kvinna fekk eit rom for seg sjølv så langt vekk frå dei andre som mogleg. Ho vart plassert i ein stol med eit bord framføre slik at ho ikkje skulle gå. Ho vart mata på rommet og var ikkje i lag med dei andre. Ho fekk så mykje medisin at ho skulle vore dopa ned, men likevel sov ho ikkje. Ho berre skreik og skreik, og det vart berre verre. Det var umogleg å få kontakt med henne.
«Det er trist og vondt, men ingenting me kan gjera», sa ein av dei tilsette. «Det er sjukdommen som utfalder seg slik, og det må berre brenna ut», sa ein annan. Dei fokuserte på å skjerma dei andre som budde på sjukeheimen frå den enorme belastninga det var å høyra på skriking døgnet rundt.
Eg fekk vondt i kroppen og tårer i auga av å lesa dette avsnittet. Så grusomt! Heilt åleine på rommet og ute av stand til å uttrykka seg. Var det verkeleg ikkje noko meir nokon kunne gjort for ho? Hadde dei tilsette heilt gjeve opp med å prøva og trøysta?
Eg bladde om til neste side. Nei, alle hadde ikkje gjeve opp! Ei av dei tilsette hadde gått på kurs i musikkterapi. Ho allierte seg med musikkterapeuten på huset og antropologen, som kunne bidra med ekstra hender under feltarbeidet. På denne måten kunne ho ta seg tid til kvinna. Ho sette seg ned med ho, andlet mot andlet, heldt ho i hendene og sang songar som kvinna kjente frå sitt liv.
Det var sånn mi farmor sette seg ned med meg då eg var liten. Eg sat på fanget med andletet mot ho og ho heldt meg i begge hendene og song eller fortalde historier. Slik sat eg med tindrande auge og høyrde heile juleevangeliet som toåring.
Kvinna slutta ikkje heilt med å skrika. Men ho tok pausar og vart med på songen. Den tilsette starta på eit vers, og så fullførte kvinna. Då kvelden kom hjelpte den tilsette kvinna i seng. Ho sette seg ned ved senga, strauk ho lett over panna og song voggesongar. Så kom kveldsvakta med sovepille, og etter eit par songar til sovna kvinna og sov natta gjennom for første gong på så lenge nokon kunne hugsa.
Dei tilsette heldt fram med musikk. Gjennom songen fekk dei kontakt med kvinna, og ho kunne delta i songen. På denne måten var ho til stades i relasjonar til andre, i fellesskapen. Den tilsette song første del av verset og kvinna avslutta med dei kjende orda. Songen var ein dialog. Songen bidrog til at kvinna ikkje vart så isolert og åleine lenger, at ho kunne vera i lag, uttrykka seg og vera med på ein meiningsfull dialog, ei utveksling med andre menneske.
Ho slutta ikkje heilt å skrika. Det som fungerte ein kveld fungerte ikkje nødvendigvis dagen etter. Sjølv med mat, song og sovepiller vart det nye våkenetter med skriking. Men det vart betre. Det vart meir leveleg for både kvinna, dei andre som budde der og dei tilsette. Og sjølv når ingenting fungerte heldt dei fram med å prøva, heldt fram med å leita etter nye moglegheiter i nye situasjonar. Å halda fram med å prøva, også når ingenting ser ut til å hjelpa, kanskje er det essensen i det å visa omsorg?

