6 Fjorden, fjellet og folka
I august, for eit par år sidan, vandra eg opp ei fjellside i Beiarn med ei tilitersbøtte i handa. Sola blenkte i bekkar og vatn og dei gule og oransje fargane på myrene bar bod om at det byrja bli haust i fjellet. Plutseleg såg eg den første molta innimellom eit bjørkekratt i utkanten av myra. Ho stod der i raudgul prakt, varm og solmoden og så tung at strået bøygde seg mjukt mot bakken. Eg plukka ho, putta ho i munnen og nøyt den søte og karakteristiske smaken av molter. Då eg løfta blikket, såg eg at heile myra var dekka av det edlaste gull!
Seinare har eg minst denne augusthelga som den gongen me plukka 10 liter molter på fjellet bak hytta. Dersom eg skulle få leva eit langt liv, vil det etter alt å døma koma ein dag då eg ikkje lengre greier å gå opp traktorvegen og inn på fjellet. Eg vil ikkje få sjå dei haustfarga myrene eller bøya meg ned og plukka moltene.
Mange av dei gamle me snakka med i Tana og Steigen hadde levd eit liv tett knytt til naturen og nærmiljøet, til havet, fjellet og jorda. I eldreomsorga i kommunane er det fleire døme på at det blir lagt til rette for aktivitetar som bærreinsking, fisketur, ta opp poteter, røyka reinkjøt og laga mat i lag. Dette blir skildra som viktige og meiningsfylte aktivitetar.
Å ha tilgang til meiningsfylte aktivitetar er eit grunnleggjande menneskeleg behov, men akkurat kva som er meiningsfylt for kvar og ein av oss, det har alt å gjera med livet me har levd, stadene me har budd og folka me har hatt rundt oss.
Sosial omsorg er eit kjernepunkt i god eldreomsorg, anten det er på bygda eller i byen, i Noreg eller andre stader. Men kva innhald dette har – heilt konkret – vil nok variera noko frå stad til stad og frå person til person.
Torsdagsklubben i Steigen er eit dagtilbod organisert av frivillige, i samarbeid med kommunen, og med stønad frå sentrale myndigheiter. Ein føremiddag kom gruppa av eldre og frivillige til garden. Ei eldre kvinne som levde med demens – la oss kalla ho Elisabeth – var svært forvirra og trist då ho kom. Ho vart invitert inn i stova og fekk ein kattunge på fanget.
Ein av dei frivillige hadde med babyen sin og sette seg ved sida av. Gruppa song nokre songar i lag. Og i løp av nokre minutt var Elisabeth tilbake i sitt vanlege smilande og lattermilde humør. Dyr, barn og musikk gav den tilknytinga til menneske, naturen og livet som gjorde at ho hadde det godt.
Så tok Ketil fram ei gamal fiskestong i tre, eit kompass og gamle kart. Dei sende rundt så alle i gruppa fekk sjå og ta på. Det inspirerte til ein samtale om fisketurar, gode fiskevatn og storfisken.
Å laga mat i lag er ein viktig del av aktivitetane. Mat frå garden, fjorden og fjella. Torsdagsklubben har ein atmosfære av gjensidigheit og fellesskap. Det var like kjekt for dei frivillige, for meg som fekk vera med som forskar, som for dei andre som er med. Det var ei kjensle av å vera i lag med gamle, eller nye, vener.
På dagsenteret i Tana jobba dei også med å leggja til rette for aktivitetar som er knytt til fjorden, elva og fjellet. Ein vår tok dei med seg ei gruppe eit fiskevatn som ligg nære vegen. Der bora dei hol i isen, sette ut snøre og ordna bål. Ei av dei tilsette fortalde denne historia:
Dei kokte kaffi og steikte røyka reinskjøt på bålet. Kjøtet hadde dei røyka sjølv i lavvo, på den måten det er tradisjon for. Det var ein av brukarane på dagsenteret som hadde vist korleis det skulle gjerast. Ho som var ansvarleg for turen hadde dessutan ordna med gode varme klede – mellom anna den samiske ponchoen «lukkha» – så folk heldt seg gode og varme medan dei fiska.
Folk kosa seg og snakka om det i dagevis etterpå. Dei tok bilete og viste fram til pårørande. Det var spesielt en mann som begynte å minnes dei turane han hadde gått på ski, langt innover fjellet inn til vatna for å fiska røye og aure som dei grilla på bål. Fisketuren med dagsenteret var berre like ved vegen, men det var ei god oppleving og vekte gode minner.
Denne fisketuren er eit godt døme på kva det er mogleg å leggja til rette for også med ei gruppe brukarar som var både fysisk og kognitivt svekka. Men det finst også mindre krevjande aktivitetar som likevel gjev tilknyting til naturen og den kunnskapen folk har i kroppen etter eit langt liv. Folk me har intervjua fortalde om å planta rabarbra på balkongen på omsorgsbustaden, om å bøta garn på dagsenteret og om å ta med ei bøtte ureinska blåbær som ei gruppe kvinner reinska i lag på sjukeheimsavdelinga. Ein treng ikkje dra på fisketur å dela kunnskap og minner. Ein kan sjå på bilete, halda reiskapane i handa, røra bæra til syltetøy eller stella til fisk i lag til eit felles måltid.
Ei tilsett fortalde ei historie om ei eldre kvinne på sjukheimen som hadde vore så uroleg. Ho levde med demens og hadde mest mista språket. Om natta vandra ho rundt utan å finna ro, og ingen medisin hjelpte ho til å sova. Den tilsette kom til å tenkja livshistoria til denne kvinna. Ho visste at kvinna hadde vakse opp i ei gamme på vidda. Dei kvite og sterile lakena og veggene på sjukeheimen var så langt unna den trygge mørke soveplassen i gamma. Den tilsette pakka med seg nokre reinskinn heimanfrå då ho skulle på vakt. Ho la dei på golvet på rommet til kvinna og la seg ned ved sida av ho ei stund til ho sovna trygt og roleg.
Nøyaktig kva folk opplever som trygt, meiningsfylt og godt er nært knytt til det livet folk har levd. For meg var det haustfargane i fjellet og minna om moltemyra som dukka opp. Kva er det som er viktig for deg, og for dei gamle som er ein del av ditt liv? Svaret på det spørsmålet er nøkkelen til god omsorg.

