7 Meining og fellesskap i daglegdagse aktivitetar
Aktivitet og fellesskap handlar ikkje berre om å koma seg ut og gjera noko anna enn dei daglege rutinane. Heilt daglegdagse oppgåver kan vera meiningsfylte aktivitetar og gje rom for å byggja sosiale relasjonar. Å hjelpa nokon med å dusja er ei praktisk oppgåve, men det kan også vera eit meiningsfylt og viktig møte mellom menneske, kor ein blir sett, høyrd og kjenner at nokon bryr seg.
Dei tilsette i Steigen og Tana har forklart korleis det sosiale og relasjonelle omsorgsarbeidet kan vera ein føresetnad for at folk tar imot praktisk og medisinsk hjelp.
“Det er mange ungkarar som har vore mykje åleine. Då må eg ofte bruka lang tid på å koma innpå dei. Etter kvart får eg hjelpa dei med medisinen. Dei avviser ofte hjelp først, dei vil klara seg sjølv. Det tek tid å få dei til å ta imot hjelp”
Ei anna tilsett fortalde om ein samtale ho hadde hatt med ein stille mann på omsorgsbustaden: «Han gjer ikkje så mykje ut av seg. Me snakka saman og eg spurde: ‘Trivst du her? Korleis har du det her? ‘Eg har det no godt, men…’ Svarte han. ‘Men kva?’ spurte eg. Han svarte at han av og til føler seg einsam og fortalte at han skulle ønska at han kunne bestemma sjølv kva han skulle ha på seg. ‘Har du sagt det til de som jobbar her»? spurte eg. Nei, det hadde han ikkje. Då sa eg at eg skulle snakka med primærkontakten slik at dei kunne gå gjennom klesskapet i lag og henga fram det han likte best. Han var ein veldig reflektert mann, men poenget er at det betyr noko korleis du stiller spørsmåla.
For denne mannen var det å sjølv bestemma kva han skulle ha på seg viktig for å kunne vera seg sjølv. Dette er eit viktige element i det Tom Kitwood har kalla personsentrert omsorg. Fleire andre forskingsarbeid har vist at noko så daglegdags som påkledning kan ha viktige og eksistensielle funksjonen i kvardagslivet.

