2 Eldrebølgja
I arbeidet mitt med aldring og eldreomsorg har eg fleire gonger notert meg at folk gjerne ikkje ser seg sjølv som ein av «dei eldre» sjølv om ein er pensjonist og godt over 80 år. Det er ikkje så rart. Ordet «eldre» er så tett knytt til negative assosiasjonar og metaforar.
Dei fleste forskingsrapportar og politiske dokument om aldring og eldreomsorg opnar med tal og framskrivingar som syner kor mange eldre det vil vera i åra som kjem. Vidare følgjer gjerne tal som viser at ein stor del av utgiftene i helse- og omsorgssektoren går til personar over pensjonsalder. Eldrebølgja er metaforen som ofte blir brukt om denne utviklinga. Ei bølgje – ein tsunami – som stig opp av havet, slår inn over lokalsamfunna og trugar med å drukna oss alle saman.
Aukande utgifter til helse- og omsorg. Skyhøge pensjonsutgifter. Korleis skal me finansiera velferdsstaten når stadig fleire av oss ikkje arbeider og stadig fleire vil få behov for omfattande helse- og omsorgstenester? Med slike fakta, problemstillingar og spørsmål blir dei av oss som har passert 67 definert som eit sosialt og politisk problem som politikarar og fagfolk må løysa, og som ei bør dei yngre generasjonane må bera på sine skuldrar.
I vår samtid er det ikkje alderdommens perspektiv og livsvisdom som gjeld. Det er ungdommen og den lytefrie kroppen me feirar. Ser me ikring oss manglar det ikkje bilde av smilande kjendisar med rynkefrie og glatte andlet. Det manglar ikkje på tilbod om fjerna kroppens aldringsteikn med hjelp av kremar og kirurgi. Det manglar ikkje på råd om korleis du skal halda deg ung og sprek i både kroppen og hovudet. Framtidsvisjonar om å stansa aldringsprosessen og finna kjelda til evig ungdom er stadig å lesa om i både vekeblad og forsking.
I ein episoden av TV-serien «Helene sjekker inn», budde Helene nokre netter på sjukeheim. Alzheimers, lukta av urin i gangen, smatting og søling ved middagsbordet, utestenging og mobbing, å leggja seg einsam på rommet. Programmet teiknar eit bilde av det me kanskje alle saman fryktar ved det å eldast: Å bli avhengig av andre, å gløyma både notida og fortida, og at t ein skal bli redusert til ein hjelpetrengande gamling og ikkje bli sett og respektert for det menneske ein har vore og framleis er.
Eldrebølgje, krise i velferdsstaten, kampen mot kroppens aldringsteikn og redsla for avhengigheit og gløymsel. Spørsmålet er om det går an å fortelja andre historier om å eldast. Andre forteljingar enn eldrebølgja, velferdskrisa og Hollywood-stjernenes evige ungdom.
“Det er ikkje lett å vera i vår eigen alder, medan me eldest. Det er forvirrande. Og det kan vera vanskeleg å takla strømmen av fordommar og indre redslar som dei fleste av oss blir konfrontert med i alderdommen. Men i arbeidet med å takla sjukdom, funksjonstap og møta døden, så er det mykje å læra av kva andre har å fortelja om den prosessen.”
Det er mykje å læra av dei som har gått vegen framføre oss. Nettopp derfor er det er eit tankekors at så mykje av forskinga på aldring og eldreomsorg tek utgangspunkt i perspektivet til politikarar og profesjonelle, og deira forståing av aldring som samfunnsproblem. Ikkje perspektivet til dei av oss som lever alderdommen. Perspektivet til dei av oss som har levd det meste av livet, er eit litt anna enn perspektivet til dei av oss som står midt oppi det heile. Det å ta ein annan sitt perspektiv er nøkkelen til å forstå litt meir av kva det vil seia å vera eit menneske.

