12 Sosial omsorg i system
Omsorgstenester under press, gamle som knapt får dekka primærbehov på sjukeheimar og politikarsnakk om å «ta større ansvar for eigen alderdom» er gjennomgangstema i den offentlege debatten. I ein slik kontekst er det ikkje alltid så lett å sjå føre seg at det er rom for sosial omsorg. Men det er faktisk ei lovpålagd oppgåve. Jamfør Helse- og omsorgstenestelova skal kommunane «Fremme sosial trygghet, (…) forebygge sosiale problemer, og (…) sikre at den enkelte får mulighet til å leve og bo selvstendig og til å ha en aktiv og meningsfylt tilværelse i fellesskap med andre».
Av Stortingsmeldinga «Leve hele livet. En kvalitetsreform for eldre» går det fram at sosial omsorg – det vil seia tilrettelegging for aktivitet og fellesskap - er et område der dagens tilbod til eldre ofte sviktar. Derfor er dette 1 av 5 hovudinnsatsområde for reforma.
Når me snakkar om aktivitet og fellesskap som ein del av eldreomsorga, så anerkjenner me at mange av oss vil ha behov for hjelp og støtte frå andre for å ha tilgang til aktivitet og fellesskap når me blir gamle.
16 Foto: Karoline O.A. Pettersen
Eg og kollegar har derfor kalla tilrettelegging for aktivitet og fellesskap for «sosial omsorg» :
“Det å anerkjenna brukaren som eit heilt menneske, og leggja til rette for meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar.”
Omgrepet sosial omsorg liknar dermed det som Tom Kitwood har kalla personsentrert omsorg. Det er omsorgspraksisar som held oppe identiteten og sjølvet, og gjer det mogleg for folk å nytta evnene sine, uttrykka kjensler og ha relasjonar til andre. Personsentrert omsorg står sentralt i nyare politiske føringar på omsorgsfeltet. Men, det er likevel liten tvil om at det er behov for ein sterkare innsats her.
Korleis kan kommunar leggja til rette for aktivitet og fellesskap i eldreomsorga? Kva strukturelle og kulturelle faktorar er det som fremjar eller hindrar sosial omsorg? Dette er viktige spørsmål i forsking og politikk om helse, aldring og omsorg.
I Steigen og Tana manglar det ikkje gode døme på korleis ein kan leggja til rette for aktivitet og fellesskap blant eldre, anten folk bur heime, på omsorgsbustad eller på sjukeheim. Men utfordringa er at tilrettelegging for aktivitet og fellesskap er lågt prioritert. Det blir gjerne tilfeldig og opp til den einskilde tilsette om dette er ein del av omsorgsarbeidet eller ikkje.
Målet med prosjektet i Steigen var å laga ein betre struktur for sosial omsorg. Men arbeidet med å laga ein betre struktur for sosial omsorg viste seg å vera krevjande av fleire grunnar. For det første har helse- og omsorgstenesta i Steigen og Tana vore prega av stor utskifting av både tilsette og leiarar, stadige omorganiseringar og mykje sjukefråvær. Ikkje ulikt situasjonen i mange andre kommunar.
For det andre måtte prosjektleiar først gjera eit grundig arbeid med å få på plass personalmøte, arbeidslister, rutineskildringar og god journalføring. For å styrka den sosiale omsorga måtte der først etablerast struktur og verktøy ein kan implementera dei nye praksisane i.
For det tredje erfarte prosjektleiar at ho stadig måtte argumentera overfor leiarar og tilsette at det å leggja til rette for aktivitet og fellesskap var viktig og måtte prioriterast. Ho hadde ikkje mandat til å pålegga nokon å prioritera oppgåver annleis, utan å kunne visa til rutinar, rapporteringskrav og pålegg frå eit høgare hald.
For det fjerde var det essensielt å forankra arbeidet blant dei tilsette og skapa tryggleik i jobben. Som prosjektleiar fortalde:
“Dei tilsette føler seg ikkje sett eller høyrd. Det er ei slags sorg, ei arbeidssorg. Ein brukar ein tredjedel av døgnet på jobb, og det er så viktig at folk kjenner at dei blir sett. Eg set meg ned og lyttar til dei og seier ‘eg høyrer kva du seier’ og stadfestar og støtter dei. Det er først når folk blir sett, høyrd og anerkjent for den jobben die gjer at dei har lyst til å gjera ein god jobb.”
Erfaringane frå forskingsprosjekta eg har teke del i peikar på nokre generelle utfordringar i arbeidet, nemleg at det manglar klare føringar og strukturar for å prioritera aktivitet og fellesskap. Det manglar også eit systematisk arbeid på organisasjonsnivå for å utvikla ein kultur som anerkjenner, verdsett og utviklar kompetansen til å sjå folk og leggja til rette for meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar.
Arbeidet for å leggja til rette for aktivitet og fellesskap i eldreomsorga kan ikkje overlatast til den enkelte kommune, sjølv om det er i kommunane jobben må gjerast. Som Tobba Sudmann har peikar på i kunnskapsgrunnlaget som ligg til grunn for «Leve hele livet» må nasjonale myndigheiter krevja at ein dokumenterer aktivitet og fellesskap på same måte som ein dokumenterer medisinering og kosthald. Elles kjem sosial omsorg alltid i andre rekke, etter at alt det andre eventuelt er gjort.

