8 Teknologi og sosiale relasjonar
Kva kan ein hundreåring ha glede av å få i bursdagsgåve? Det spørsmålet spurde eg meg sjølv og mamma då me planla feiring av tante Jorunn, familiens samlingspunkt på morsida.
Plutseleg fekk eg ein lys idé! Dei siste åra har eg forska på aldring og omsorg, og eg har lese om såkalla velferdsteknologi. I den samanhengen hadde eg høyrd om eit sosialt medium eg trudde kunne vera noko for tante Jorunn!
«Kompen» kan ta imot tekst- og bildemeldingar, og ein kan ringa inn videosamtalar. Den har eit enkelt brukargrensesnitt: Ein av og på-knapp, det er alt. Når ein skrur Kompen på rullar bildemeldingane over skjermen, ein etter ein, og folk kan ringa inn.
Tante Jorunn har stor glede av Kompen, det nemner ho mest kvar gong eg ringer: «Kompen er no så gjev!» Me slektningar sender bilete av kvardagsliv og ungar, fjell og sauer og det som blømer i hagane. Ikkje minst sender dei som har teke over familiegarden der ho vaks opp – Hyljarås – masse bilete derifrå. Når foreldra mine er på besøk hjå oss i Bodø legg dei ut eit bilete eller to, og då nyttar gjerne tante Jorunn høve til å ringa.
Kompen er også eit sosialt medium for oss slektningar. I appen som me nyttar til å dela bilete, kan me også sjå straumen av bilete. Eg ser langt fleire bilete av kvardagslivet til slektningane mine der enn i noko anna medium, og eg set pris på det.
Det er mange gamle som har iPad til å halda kontakt med familie, vener og kjente og som sjølv – eller kanskje med litt hjelp – handterer ringing, meldingar og kva det skulle vera. Det har ikkje vore eit alternativ for tante Jorunn. Ho har ein enkel telefon av den usmarte typen, og så har ho Kompen. Dette er teknologi ho meistrar og har glede av.
Kompen er eit sosial medium med lettvint brukargrensesnitt, men kan også sjåast på som velferdsteknologi ettersom me nyttar han for å ta i vare sosiale omsorgsbehov. Men teknologi gjev ikkje omsorg, det er det menneske som gjer. Kompen er eit tydeleg døme på dette:
For det første har tante Jorunn mange slektningar som bryr seg om ho og som sørgjer føre at meldingane tikkar inn og rullar over skjermen. Dersom me ikkje delar frå våre liv gjennom meldingar og samtalar på telefon, dekker Kompen ingen sosiale behov og kunne heller koma til å stå der som eit symbol for isolasjon og einsemd.
For det andre må nokon administrera teknologien. Det er pappa som har sett opp systemet og invitert slektningar til å lasta ned appen og som frå tid til annan ryddar i bileta. Dersom Kompen går i svart – og det gjer jo alle slike duppedittar frå tid til annan – kjem nokon som bur i nærleiken innom for å restarta.
Maggie Mort og kollegar har studert bruken av velferdsteknologi i eldreomsorga i Noreg, Storbritannia, Spania og Nederland. Dei understrekar at teknologi ikkje er løysinga på kapasitetsutfordringar i eldreomsorga og er kritiske til den teknologioptimismen som kjem til uttrykk i politiske styringsdokument og blant utviklarar. Teknologi reduserer ikkje arbeidsmengda, men endrar oppgåvene som må gjerast. Teknologi kan ikkje erstatta menneske, og teknologien fungerer ikkje utan relasjonar og nettverk. I beste fall yter folk og teknologi omsorg i lag.

