4 Omsorg i ein kopp kaffi
Noko så enkelt som å ta ein kopp kaffi i lag er kanskje det vanlegaste dømet på aktivitet og fellesskap i eldreomsorga. Som ein av dei tilsette me har snakka med sa: «Det er mykje god medisin over ein kopp kaffi ved kjøkkenbordet. Det er veldig behov for at nokon set seg ned og pratar med dei».
I Steigen har det vore vanleg at heimehjelpene tok seg tid til ein kopp kaffi i løp av arbeidsøkta. Kva har denne kaffipausen med omsorg å gjera? Jamfør sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen er det å ta ein kopp kaffi ei sosial handling. Det betyr at snakkar saman, fortel og lyttar til den andre. Det er ein måte å byggja relasjonar på, og i eldreomsorga kan det vera eit høve til å få viktig informasjon om helsetilstand og omsorgsbehov. På denne måten kan kaffikoppen vera ein heilt essensiell del av omsorgsarbeidet. Derfor er det veldig problematisk når omsorgsarbeidarar i mange samanhengar er så pressa på tid at det ikkje går an å setja seg ned og snakka med dei ein skal yta omsorg for. Korleis kan ein yta omsorg dersom ein ikkje har tid til å sjå, spør og lytta?
Kaffikoppen kan vera eit spontant møte mellom tilsett og brukar. Men det kan også vera ein organisert arena for aktivitet og fellesskap, slik som bygdekafeane i Tana. Fleire studie har vist at slike lågterskeltilbod kan ha stor helsefremjande effekt, og det var også tydeleg i Tana. Prosjektleiar fortalte:
“Det er blitt veldig populært med bygdekafeane. Me har blitt som eit dagsenter som reiser rundt. Ei kvinne sa at hadde det ikkje vore for oss så hadde ho blitt sittande der heime. Ho er åleine og sit og surrer med sine eigne tankar og då er det godt å koma seg ut. Ho er endå for frisk til å få plass på kommunalt dagsenter”
Som prosjektleiar peikar på er det heilt essensielt å ha eit tilbod også til personar som ikkje har ein alvorleg diagnose. Å koma seg ut og ha tilgang til meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar er avgjerande for den psykiske og fysiske helsa. Kaffikoppen er helsefremjande fordi det å ta ein kopp kaffi i lag er ei sosial handling. Ein kan vera i lag i stillheit, eller ein kan snakka i lag, fortelja og lytta til den andre. Kaffikoppen symboliserer derfor relasjonsbygging og det å bli sett som menneske. Jamfør Eriksen er kaffikoppen eit viktig sosialt lim i Noreg. Det å invitere på kaffi er vår vanlegaste form for gjestfridom. Å «ta ein kaffi» er eit uttrykk for å slappe av og prata hyggeleg saman. Då me intervjua eldre i Steigen og Tana inviterte dei oss heim til seg og viste gjestfridom ved å by på kaffi og gjerne noko attåt. Den gode samtalen starta med kaffi.

