5 Kom og få deg ein vaffel!
Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine var det ein open invitasjon til å koma innom og få seg ei vaffel og eit eventyr. Når me kom springande sette farmor straks støpselet i stikkontakten og like etter var jarnet varmt og klart til bruk. Vaffeljarnet deira hadde raudoransje lakk i midten som gjekk gradvis over i svart på sidene, og balanserte på benken på tre små svarte føter. Farmor tok røra ut av kjøleskapet, rørte rundt eit par gonger og auste ein passe mengd opp i jarnet, kor røra tok den klassiske forma av fem spisse fine hjarte. Ei vaffelplata, eller ei vaffelkaka, som farmor sa.
Den trygge, mjuke og freistande lukta av nysteikte vaflar oste opp frå det varme jarnet i møte med røra. Det lukta nysteikte vaflar, og det var lukta av ope hus, gjestfridom, omsorg og kjærleik som breidde seg i kjøkkenet.
I forskingsarbeidet mitt om eldreomsorg har eg fått inntrykk av at det å stella i stand kaffi og vaffel var det klart vanlegaste døme på tilrettelegging for aktivitet og fellesskap på dagsenter, omsorgsbustader og sjukeheimsavdelingar:
“Det enkle er ofte det beste. Berre kaffi og vaffel, og så vart det suksess likevel”
Men det er ikkje berre i helse- og omsorgstenesta at kaffi og vaffel er ein klassikar. På Nordlandsforskning er vaffel den sikraste metoden for å få folk til å møta opp på instituttmøter, og det slår ikkje feil som fredagskos. Når lukta av vaflar brer seg i gangane kjem forskarane luskande ut av kontora sine, og let seg kalla til samvær og fellesskap.
For ikkje å snakka om fotballkampar, fotballturneringar, basarar, skuleavslutningar, korpsseminar, valkamp, dugnader, kyrkjekaffi og møter i all verdas lag og foreiningar. Det er vaffel det går i, det er vaffel for alle pengar, vaffel til folket. Til store og små, med sukker eller syltetøy på!
Kva er det vaflar eigentleg betyr for oss? undra eg og spurde ut kollegane mine om kven som laga vaflar til dei, kva dei kalla vaflane og kva dei bruka å ha på. Farmor mi sa «vaffelkaka», på liknande vis som ei anna farmor frå Sørfold kalla det «vaffelkak». Ein ven frå Hardanger seier «vaflo» i bestemt form eintal. Ein ven frå Helgeland plar servera vaflar med rømme og røykelaks. Søtt og salt i saleg kombinasjon, litt som den meir berømte tradisjonen med pølse i vaffel i Austfold.
Men sjølv om det er regionale variasjonar i kva ein kallar barnet og kva ein har på vaflane, så er mitt inntrykk av at det likevel er nokså likt over heile landet. Det er ikkje som lefsa, som kjem i tusenvis av familiære, lokale og regionale versjonar: Potetlefse, tynnlefse, tjukklefse, mjuklefse, kling eller berre lefse. Baka med og utan potet, med og utan bakepulver, kjevla flat eller heva tjukk på takka, bretta og servert med og utan brunost og kanel. Av andre alternativ til vaflane er lappar vanleg i Rogaland, svela ein klassikar på nordvestlandet og i Tana er blodpannekaker av reinsdyrblod eit alternativ med forankring i lokale mattradisjonar.
Er det ikkje noko veldig norsk med vaflane? Eit konsept som bind oss saman som éin nasjon, på tvers av regionale kulturskilnader? Men også så norsk at det kan verka veldig etnisk spesifikt for dei av oss som ser det norske med eit utanfråblikk?
Vaflane dukkar opp i forsking om sjark, sjømannskyrkje, frivilligheit og integrering. I integreringsprosessen er det viktig at nokon formidlar informasjon om korleis du fiksar biffen når du som forelder har fått beskjed om å stilla med vaffelrøre på eit skulearrangement. I denne forskinga blir vaflar nemnt som eit symbol på hygge, sosialt samvær, det å ta seg tid til andre, frivilligheit, norskheit, gjestfridom, fellesskap og folkelegheit. Folkelege politikarar har steikt sine vaflar.
Men ettersom vaffel og kaffi er så folkeleg, vanleg og lettvint, kan ein koma til å undervurdera kor tydingsfult det er. Å laga vaflar på omsorgsbustaden krev ikkje så mykje ekstra utstyr, kompetanse eller bemanning. Det krev heller ikkje så mykje av dei som deltek.
Men det er ikkje banalt, ikkje uviktig. Lukta av vaflar er ein invitasjon til å vera i lag. Det symboliserer fellesskap og gjestfridom og betyr at folk på omsorgsbustaden – nett som på Nordlandsforskning – gjerne får lyst til å koma ut av romma sine, vera i lag og slå av ein prat.

