3 Eg kan ikkje klaga
I 2016 intervjua Mai Camilla Munkejord og eg 28 eldre i Tana og Steigen om livet dei hadde levd, korleis det er å bli gamal og korleis dei opplevde eldreomsorga. «Æ kainn ikke klage», var det fleire av dei som svarte. I løp av samtalane viste det seg at denne fråsegna kunne romma veldig ulike historier.
For nokon betydde det at dei – i staden for å klaga over aldring og eldreomsorga – ville snakka om heilt andre ting. Dei fortalde om livet dei hadde levd, kva dei hadde oppnådd og kven dei har vore for andre.
Den første personen eg intervjua var Arne på godt over 90 år. Han hadde ikkje så mykje å melda om eldreomsorga og den hjelpa han fekk, men fortalde villig vekk om livet: Han skildra røvarhistorier frå havet, legendariske moltemyrer, fjellturar på langstrakte vidder og fortalde om den dramatiske evakueringa av Finnmark under andre verdskrig. Arne fortalde om seg sjølv som ein hardtarbeidande, sterk, kunnskapshungrig og samfunnsengasjert mann. Han fortalde også om kor utruleg godt det hadde vore å atter sjå barndommen og ungdommens landskap igjen, då sonen tok han med dit på hans eldre dagar.
Solveig, ei av kvinnene eg besøkte, fortalde engasjert om korleis ho heile livet hadde stått på og kjempa for dei svake i samfunn. Resten av tida si ville ho slåst for at eldre i kommunen skal kunne leva gode og verdige liv.
Eit ektepar frå Tana fortalde stolt om korleis dei i løp av livet hadde bygd opp ein gard og litt turisme. Dei hadde stått på, alltid greidd seg sjølv og laga sin eigen leveveg. Dei fortalde om fjellet der dei gjette dyra og jakta småvilt, om liene der dei hadde plukka blåbær og om øyene og vidda der dei hadde plukka molter.
For oss illustrerte dette kor utruleg viktig det er for folk – eg vil tru for oss alle – å bli lytta til og sett for det me kan og det me har bidradd med. Men dei av oss som er blitt gamle og kanskje svekka på ein eller annan måte, blir gjerne ikkje sett på den måten. På subtilt vis motsette både Arne og Solveig seg å bli redusert til pleietrengande, hjelpelaus og ressurskrevjande person.
«Kan ikkje klaga» var i andre samtalar ei fråsegn som vart etterfølgd av eit tydeleg MEN. Ein vil ikkje vera utakknemleg og klaga på den hjelpa ein får, men samstundes hadde ein nok hatt bruk for meir hjelp i kvardagen, både praktisk hjelp til daglege gjeremål og hjelp til å dekka behovet for meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar i kvardagen
Gerd, ei av kvinnene me intervjua, uttrykte seg på denne måten: «Når dei er her for å vaska meg og kle på meg strømpene, så seier eg at eg skulle ha vore på kafeen. Men dei svarer meg ikkje på sånt. Nei, dei skal berre vaska meg, så det er berre å halda seg heime».
Gerd fekk ikkje den hjelpa ho trong til å koma seg ut av huset og treffa folk og gjera noko meiningsfylt, slik ho ønskte seg. Ho fortalde at ho hadde håpa at me forskarar skulle ta ho med ut når me kom på besøk.
Mange andre informantar etterlyste det same som Gerd: Dei skulle så gjerne kome seg ut av huset, treft andre folk, hatt ein interessant samtale eller gjort ting dei hadde pleidd å gjera når dei var yngre og friskare, som å kome seg ut i båten, vore på hytta, gått på besøk til naboen, laga kaffibål i ved elva, eller andre ting som kjendest meiningsfylt. Mange av dei me snakka med trengte ei eller anna form for hjelp eller tilrettelegging for at dette skulle vera innanfor rekkevidde.
I andre intervju sa deltakarane at dei ikkje kunne klaga, og heile samtalen gav inntrykk av at dette var eit menneske som levde eit godt liv og ikkje hadde noko å klaga på. «Ingen har så mange som eg!» erklærte Inger og fortalde om ei heimehjelp som alltid hadde tid til ein prat og ein kopp kaffi, og om stadige middagsinvitasjonar frå slektningar. Anna, som budde på omsorgsbustad, var eineståande nøgd med både den praktiske hjelpa ho fekk, og alle tilboda og aktivitetane i tilknyting til omsorgsbustaden.
“Og så kjem det jo forskjellig og underheld oss. No sist veke var det eit mannskor her som song for oss. Og før jul, då kom korpset og spelte. Det var en laurdagskveld og dei stod ute i hagen og spelte. Ja, det er kjempeflott. Eg må seia at eg har eit godt liv. Me sit ikkje her og styrer for oss sjølv på noko tidspunkt!”
Det å ha tilgang til meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar i kvardagen er eit grunnleggjande menneskeleg behov. Dei som opplevde å ha dette, fortalde gjerne om gode liv, trass i helseplager. Dei som vart sittande lange dagar åleine utan å ha noko meiningsfylt å ta seg til, hadde det ikkje så bra. Dei uttrykte dette på meir eller mindre direkte måtar, mellom anna gjennom uttrykket «eg kan ikkje klaga».
Meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar er viktig for livskvaliteten til kvar og ein. Men det er også viktig i eit folkehelseperspektiv. Med omsorg for både kroppen og sinnet, er det betre sjanse for at me held oss friske og sjølvstendige så lenge som mogleg.

