Fesken i havet han e vårres brød
Personleg fortelling og oppskrift av Helga Eggebø.
Fisk har vore sjølve grunnlaget for kosthaldet i Nord-Noreg, ja faktisk sjølve grunnlaget for livet og busettinga her nord. Det er som Halvdan Sivertsen, Bodøs store søn, syng i ein song eg ikkje hugsar namnet på: «Å fesken i havet, ja feksen i havet han e vårres brød».
Men forbruket av fisk og sjømat går stadig nedover, særleg blant ungdom. Kall meg gjerne gamaldags når eg sluttar meg til fleire av dei eldre eg intervjua i et forskingsprosjektet om aldring i rurale område: «Det er fisk som er ordentleg mat».
Kan manglande tilgang til fersk fisk av god kvalitet vera noko av grunnen til at forbruket går ned? Her i Bodø har me ein lokal fiskeforhandlar som alltid byr på eit stor utval av fisk som gjerne er fiska same natt. Når eg er sørpå får eg som regel berre tak i oppdrettsfisk som er slakta for 7-10 dagar sidan.
Eg priser meg lukkeleg over å koma heim til Bodø, sykla bortom fiskebutikken og kjøpa blåskjell, torskefilet, kveite, røyka sild, breiflabb, skatevinge eller annan kvalitetsmat. Med fersk fisk og poteter frå eigen pallekarm blir det ordentleg middag.
Då eg budde i Steigen hadde eg ingen fiskebutikk i nærleiken, men der ordna eg fersk fisk på anna vis. Sjølv er eg ikkje den heilt store fiskaren, men det er det mange andre i bygdene som er, både som hobbyfiskar og profesjonell.
Ein fredags ettermiddag på Leines i Steigen hadde eg akkurat trødd på meg ei joggebukse og var klar for å vaska huset. Då ringte telefonen.
– Hallo, ja!
– Me har fått litt sei. Kan du vera på kaia om 20 minutt?
– Klart!
Eg beholdt jobbebuksa på, hoppa i eit par matchande crogs, slengte på dunjakka og sette meg i bilen. Fiskebåten var på veg inn mot kaia, innhylla i ein flokk skrikande måse, og der dukka naboen også opp med eit par bæreposar i handa. Han hadde tinga fersk hyse til fredagsmiddag.
Eg putta fire store sei, ein einsam brosme og ein raud og fin uer ned i mine eigne plastposar. Vekta på kaia viste om lag 15 kg. Eg takka, betalte og la fisken i bagasjerommet.
På veg heim svinga eg innom kjenningar som hadde elg i frysaren, og som gjerne kvitta seg med ein pakke grytekjøt og ei steik.
– De vil ikkje ha fersk sei til middag de også då? Spurde eg. -Eg har i bilen.
– Ja, takk, og då skal du få litt poteter i bytte!
Det var jammen bra eg vart kvitt ein sei, for likevel tok filetering og kraftkoking mykje av fredagen. Denne forma for lokal matauk i ein bytteøkonomi er hyggeleg, men ofte tidkrevjande, og du må ha eit bruktbart nettverk for at det skal bli mat på bordet på denne måten.
Ein av dei tinga eg verkeleg set pris på med småbylivet i Bodø er fiskebutikken. Ein av mine favorittar er skatevinge. Dette er bifangst, det vil seia fisk som ein ikkje fiskar aktivt etter, men som av og til går i garnet. Kvar gong eg ser skatevinge liggja på is i disken kjøper eg alt dei har. Det er ein lekker filet med god konsistens og ein fin stripete struktur. Like god steikt som bakt og i fiskesuppe med.
Når det er skreisesong i Lofoten kan eg fråtsa i torskeskiver med rogn og lever. Eg er ikkje den einaste som stiller meg glupsk i kø for å laga den nydelege tradisjonsmaten skreimølje.
Den beste råvaren av dei alle får ein også berre tak i i skreisesongen: torsketunge. Ein må vera tidleg på butikken for å få tak i denne delikatessane, så eg sniker meg gjerne ut i lunsjen for å sikra fredagstacoen. Torsketungetaco.
Torsketungetaco
Ølpanerte torsketunger
Ingrediensar:
- 500 g torsketunger
- 1-2 dl mjøl
- 0,33 l pils
- Salt
- Pepar
- Vegetabilsk olje (solsikke, raps)
Slik gjer du:
- Strø ca 1 ts salt på torsketungene og bland godt
- Bland øl, peppar, ½ ts salt og mjøl til ei røre.
- Del torsketungene på langs dersom dei er store, og legg dei i røra.
- Varm olje i panna på høg varme og ha i ei og ei torsketunge. Skru ned varmen og steike til dei er gylne, sprø og gjennomsteikte
Raudkålsalat med koriander
Indigriensar:
- ½ raudkål
- 2-3 ts eplesidereddik
- Koriander (eg hadde finhakka koriander frå den lokale åkeren på Fenes i frysaren)
- Salt
- 1 raudlauk
Slik gjer du:
- Finsnitt raudlauk og raudkål og bland i finhakka koriander og eplesidereddik. Smak til med salt.
- Raudkålblandinga har godt av å stå litt, så lag ho gjerne før du steikar torsketungene.
Chilimajones
Indigriensar:
- 4 ss majones
- Safta av ein halv lime
- 1 fedd kvitlauk
- 1 ts srirachasaus (dette skulle vera hermetisk chipotle i tomatsaus, men det fekk eg ikkje ta i)
- 1 ts røkt paprikakrydder
Slik gjer du:
- Bland saman majones, finhakka eller pressa kvitlauk, litt limesaft, paprikakrydder og chilisaus.
Servering:
Server torsketunger, raudkål og chilimajones i tortilla laga av kvit mais. Desse liknar mest på den mexicanske originalen, og i butikken ligg dei gjerne i glutenfriavdelinga.
Denne oppskrifta på torsketungetaco er inspirert av Baja Fish Tacos og vart først publisert på nett 19. februar 2024.

